Godt nytt år!
Me vill ynskja alle våre kundar og samarbeidspartnarar eit godt nytt år!
Me gler oss til og fortsette å dela lokale smakar og stunder med dykk i 2024.



Takk for besøket, Bulken- og Voss seniordans
Bulken og Voss seniordans svingar seg på låven. Tusen takk for besøket - og for det ekstra rykket i dansefoten til vertskapet.

Kjekke tilbakemeldingar
“Det er alltid godt å koma inn på tunet, de tek så godt imot oss og me finn ro og trivsel. De har humor, omtanke og gleda, de er rett og slett supre!“
Ingrid har sendt oss fine ord etter barnebarna si konfirmasjonsfeiring hjå oss. Det set me uendeleg stor pris på.

Lyst på litt ekstra god mat til 17. mai?
Me sel nybakte rundstykker frå vedfyrt steinomn, spekekjøt/fenalår, rull av lammebog, Bergsdalsost, grava aure, einerøkt aure, karamellpudding og eplemost.
Høyres godt ut?

Ny nettside
Likar du den nye nettsida vår?
Me er godt nøgde med den nye nettsida vår. Me tek gjerne i mot tilbakemeldingar om du saknar noko eller om du har innspel til noko du gjerne vil sjå meir av.