Velkomen til Bergsdalstunet
Det finst ikkje finare stad å samlast enn mellom fjell, fossefall og fjøs.
Sjekk rett inn i ei aktiv gardsdrift og trekk inn frisk fjelluft og nyt roa mellom store naturopplevingar hjå Bergsdalstunet.
Få eit streif attende i tid samstundes som du er midt i tunet på ein moderande gard.
Fest eller konferanse. De er velkomne til oss
Møtelokalet på Låven er stort, lyst og romsleg. Det er internettilkobling, enkelt lydanlegg, samt lerret og prosjektør. I gamle floren i kjellaren står dei originale steinveggene som byr på intim og triveleg stemning.
Gardsmat
Reine råvarer, ferske, ujåla og overraskande.
Bli natta over
I Vikinghuset er det plass til mange, enten du kjem i flokk eller par. Enkel, men god standard på kjøken, stove og soverom. Passar godt til familiar, syklistar eller farande fantar.
Me gler oss til å treffa deg
Vil du besøkja oss i tunet vårt? Bli kjend med oss og garden vår.

Dei saftigaste skillingsbollane får du frå steinomnen på Bergsdalstunet
Nyhendebrev
Det hender me inviterer på smalahovefest, dans eller andre arrangement. Har du lyst til å få ein epost med informasjon om når me har arrangement eller sel gardsprodukt?